Grunnskulane i Førde kommune
Finn skulane i kartet
Visma Flyt Skule
Skulane i Førde brukar Visma Flyt Skule til digital dialog mellom skule og heim.
NB! På grunn av overgang til ny kommune vert Visma Flyt Skule stengt 17. desember–19. desember 2019.
Ferie- og fridagar
I skuleruta står alle ferie- og fridagar gjennom skuleåret. Det er ei felles skulerute for Sogn og Fjordane, men det kan vere små endringar i den enkelte kommune. Føresette kan søke om at barna deira får permisjon i 2 veker (10 skuledagar). Ta kontakt direkte med skulen for å høyre korleis du går fram for å søke om permisjon.
Kva skule skal barnet mitt gå på?
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 for å få vite kva skulekrins barnet ditt soknar til.
Må eg melde inn barnet mitt til skulestart?
Du treng ikkje melde frå til skulen om at barnet skal byrje på skulen, så lenge du er folkeregistrert i Førde kommune.
Skulane sender brev til føresette om innskriving av nye førsteklassingar, førskuledagar og skulestart i 1. klasse. Dette skjer på vårparten det året barnet ditt skal byrje på skulen.
PPT (pedagogisk-psykologisk teneste)
PPT skal gi skulane råd og rettleiing, slik at dei kan leggje til rette for barn og unge som har faglege eller sosiale vanskar. PPT for Indre Sunnfjord dekker kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal.
SFO (Skulefritidsordning)
Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. til 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. til 7. klasse. Du får informasjon om SFO-tilbodet til skulen når barnet blir skrive inn. Du søker elektronisk via Visma Flyt Skule.
Skuleskyss
Barnet ditt har rett på skuleskyss dersom han eller ho oppfyller eitt eller fleire av desse kriteria:
- er elev på 1. årstrinn med meir enn 2 kilometer til skulen
- er elev på 2.-10. årstrinn og har meir enn 4 kilometer til skulen
- har ein særleg farleg skuleveg
- treng skuleskyss på grunn av funksjonshemming eller forbigåande skade eller sjukdom. Det gjeld uavhengig av avstanden mellom heim og skule/SFO. De må ha legeerklæring.
Skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Helsesøster skal vere tilgjengeleg på skulen din nokre dagar i veka. Les meir om skulehelsetenesta.
Førde kommunale foreldreutval (KFU)
KFU skal vere eit samordnande og koordinerande organ for foreldreråda ved alle grunnskulane i Førde kommune og har som formål å:
- arbeide for å fremje eit godt samarbeid mellom foreldra, skulen, skuleadministrasjonen og politiske vedtaksorgan i kommunen
- vere eit høyringsorgan og eit rådgivande organ på vegne av foreldra ved alle grunnskulane i kommunen
- drive informasjonsarbeid og idéskaping og hjelpe til med erfaringsutveksling og foreldresamarbeid mellom dei ulike grunnskulane i kommunen
- legge til rette for større foreldreengasjement for at kvar elev skal få best mogleg utbytte av skulegangen sin
Her finn du vedtektene for KFU Førde (PDF, 131 kB)
Styre i Førde KFU
- Leiar Roger Eide, FAU Slåtten skule, e-post: eideroger1@gmail.com, telefon: 952 50 129
- Nestleiar Jarle Øen, FAU Førde Ungdomsskule
- Sekretær Ingjerd Høgseth Vetti, FAU Holsen skule
Møtereferat