Grensepåvising

Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Det kan til dømes vere at grensemerka er borte. Du kan då søkje om ei ny grensepåvising. 

Kva får du?

Du får oppmålt, vist og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. 
 

Krav til søkjar

Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar). 

 

Kva kostar det?

Prisen er avhengig av kor lange grensene er og om grensene for eigedomen allereie er oppmålt og koordinatfesta. Om vi må avklare eigedomen sine grenser ytterlegare vil du få nærare informasjon om dette og om prisen. 

Du finn prisane for oppmålingsarbeid i prisliste - Førde kommune (PDF, 269 kB)

 

Slik søkjer du

 

Send søknad til: 

Førde kommune 
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva skjer vidare?

Saka er normalt ferdigbehandla innan 6 til 16 veker.

Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. 
 

For spørsmål, kontakt:

  • Jan-Inge Seljevoll, tlf. 57 61 27 26
  • Knut Ove Indrebø, tlf. 57 61 27 25
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 05.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Jan-Inge Seljevoll
Ingeniør
Oppmålingsingeniør

Snarvegar

 
 
Login for redigering