Grensejustering

For å gjere eigedomsgrensene meir tenlege kan du søkje om grensejustering eller overføre areal mellom eigedomar. 

Kva får du?

  • Du får oppmålt og koordinatfesta den nye eigedomsgrensa.
  • Den nye grensa blir registrert i eigedomsregisteret (matrikkelen).
  • Du får tilsendt matrikkelbrev. 
     

Kva kostar det?

Du finn prisar for oppmålingsarbeid og grensejustering i prisliste - Førde kommune (PDF, 269 kB)

I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 525 kroner per dokument. Matrikkelbrev kostar frå 175 til 350 kroner per stykk. 
 

Slik søkjer du

Send søknad til: 

Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde 
 

eller kom innom og lever søknaden på Servicetorget, Førde rådhus, Hafstadvegen 42.
 

Kva skjer vidare?

Du får svar på søknaden innan 3 til 12 veker. 

 

Dersom søknaden blir godkjent, startar saksbehandling og oppmåling. Saka er normalt gjennomført innan 19 veker frå løyve er gitt. 

 

Vi tek kontakt med deg og avtalar tidspunkt for møte og oppmåling. 

 

Spørsmål? 

Det er ikkje alle saker som kan gjennomførast som grensejustering. Aktuelle reglar for grensejustering kjem fram av matrikkellova og matrikkelforskrifta.
 

Er du i tvil, ta kontakt med:

  • Jan-Inge Seljevoll, tlf. 57 61 27 26
  • Knut Ove Indrebø, tlf. 57 61 27 25
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 05.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Jan-Inge Seljevoll
Ingeniør
Oppmålingsingeniør
Lover og forskrifter (2)

Snarvegar

 
 
Login for redigering