Gratis kjernetid eller redusert betaling i barnehage

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt. Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar. 

1. Gratis kjernetid

Sidan 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt hatt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2019 er inntektsgrensa 548 500 kroner og gratis kjernetid er utvida til også å gjelde 2- åringar. 

 

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen. Om nokon veljer berre å bruke dei 20 timane, er tilbodet gratis. 

 

2. Redusert foreldrebetaling

Ordninga med redusert foreldrebetaling går ut på at ingen skal betale meir enn seks prosent av inntekta si til barnehagen. I 2019 gjeld denne ordninga for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 548 500 kroner per år.

  

Korleis får du gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling?

Du må sende ein søknad til kommunen for å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid. Vi tek imot søknader for alle barnehagane i Førde, uavhengig om den er kommunal eller privat.

Du må legge ved kopi av siste sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt. Det er viktig at du sender med dokumentasjon på all inntekt. Manglar det dokumentasjon vil ikkje søknaden bli behandla.  


Har du fått innvilga søknad for barnehageåret 2018/19, må du søke på nytt for neste barnehageår 2019/20.
 

  • Søknadsfrist: 1. oktober 
     

> Søk om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid (PDF, 323 kB)

 

Send søknad til:
Førde kommune
postboks 338
6802 Førde
 

Vi behandlar søknader gjennom heile året, sjølv om hovudsøknadsfristen er 1. oktober. Reduksjon i pris vil då gjelde for månaden etter at søknaden er underskriven. 

 

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Barnehagekonsulent Siv Gråberg på telefon 57 61 26 65 eller via e-post siv.graberg@forde.kommune.no
 

Les meir om moderasjonsordningane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Siv Gråberg

Siv Gråberg

Barnehagekonsulent
Telefon : 57 61 26 65
Mobil: 974 60 841

Snarvegar