Gjerde, levegg og støyskjerm

Skal du sette opp, rive eller endre gjerde, levegg eller støyskjerm?

  • Gjerde kan være plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med ein enkel, open konstruksjon. Open konstruksjon vil seie at både gåande og køyrande lett kan sjå gjennom konstruksjonen, uavhengig av synsvinkel. 
  • Levegg er en tett skjerm som avgrensa innsyn og støy, og gir ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller samanhengande med bygning.
  • Støyskjerm er ein tett skjerm som avgrensar innsyn og støy, og gir ly for vind. Støyskjermen er ofte noko lengre enn ein levegg, og med lyddempande materialer.

 

Du treng ikkje søkje dersom:

  • gjerde er opent og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter høgt
  • gjerde som plasserast i grensa til regulert veg, er lågare enn 0,5 meter. Det skal vere fri sikt til vegen
  • leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang. Leveggen kan plasserast inntil 1,0 meter frå nabogrense og plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
  • leveggen er inntil 1,8 meter høg og maks 5 meter lang, plassert i nabogrensa og med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg

Det er kun ein levegg som er unntatt søknadsplikt. Ønskjer du å bygge to leveggar på 10 meter, må du søkje. 

 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • leveggen er under 1,8 meter høg og ikkje lenger enn 10 meter lang, men plasseringa ikkje følger det som er nemnt over

Korleis søkje? >

 

Kva kostar det?
 

Byggesaksgebyr gjerde/støyskjerm:
 
Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3
Støttemur/innhengning/gjerde/støyskjerm 1050 2090 4080

 

Sjå byggesaksgebyr 2017 (PDF, 71 kB)

 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • leveggen er over 1,8 meter høg, og/eller leveggen er meir enn 10 meter lang
  • du skal sette opp eller rive ein støyskjerm

 

Arealplan - kva avgrensingar gjeld på min eigedom? 

Det vil vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan bygge. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.


Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget. 

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering