Gebyr for vatn og kloakk

Årsgebyr for vatn og kloakk

Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Førde kommune når eigedommen din er tilknytta det kommunale vass- og kloakknettet.


Har du vassmålar, melder du inn vassmålarstand ein gong i året. 

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Servicetorget sender ut faktura etter at ferdigattest/bruksløyve er gitt.

Årsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Årsgebyr for vatn og kloakk
ArealklasseVatnKloakkSamla
Arealklasse 1 (0 - 90 m2)133922703609
Arealklasse 2 A (91 - 200 m2)204734785525
Arealklasse 2 B (201 -350 m2)247342026675
Arealklasse 3 (351 - 450 m2)282748067633
Deretter pr.100 m2141824153833
Pris målt forbruk pr m314,1824,15
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %
Forfall på faktura er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november

 

Kommunale avgifter skal betalast fire gonger i året

Kommunale avgifter, termin og betalingsfrist Vatn- og kloakkgebyr, renovasjonsgebyr, eigedomsskatt og feie- og tilsynsgebyr
Kommunale avgifter, termin og betalingsfrist
TerminBetalingsfristPeriode
115. februarJanuar, februar, mars
215. maiApril, mai, juni
315. augustJuli, august, september
415. novemberOktober, november, desember

Eigedommar som betalar festeavgift blir fakturert for den på 4. termin. Eigedommar med vassmålar blir avrekna på 1. termin påfølgjande år. 

 

Du får tilsendt faktura i god tid før forfallsdato. Du bør bruke denne fakturaen.

 

Har du mista fakturaen, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00. 

 

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr som må betalast når du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller du får pålegg om slik tilkopling.

 

Ved byggemelding vert det søkt om tilkopling til det kommunale vass- og kloakknettet. For eksisterande bygg kan kommunen gje pålegg om tilkopling. 

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk
TilkoplingsgebyrVatn Kloakk
Arealklasse 1 (0-90 m2)20002000
Arealklasse 2 A (91-200 m2)40004000
Arealklasse 2 B (201-350 m2)60006000
Arealklasse 3 (351 m2 -450 m2)80008000
Deretter per 100 m210001000
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %

 

Betalingsvanskar

Dersom du av ulike grunnar ikkje klarar å betale tilsendt faktura innan fristen, må du ta kontakt med kommunen slik at ny dato for betaling kan avtalast. Det er viktig at du tek kontakt før fakturaen forfell til betaling, slik at kravet ikkje vert sendt til inkasso.

 

Ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller per e-post: postmottak@forde.kommune.no

 

Om du ikkje betalar dei kommunale avgiftene i tide, må du betale forseinkingsrenter. Skatteoppkrevjaren har plikt til å kreve inn dei kommunale avgiftene. Kravet er sikra med lovfesta pant i eigedommen. Det betyr at eigedommen i verste fall kan bli tvangssolgt om du ikkje betalar. 

 

Spørsmål?

Ta kontakt med Servicetorget om du har spørsmål kring prisar, faktura og anna som gjeld gebyr innan vatn og kloakk. 

  • Telefon Servicetorget 57 72 20 00
Publisert av Marit Solheim. Sist endra 29.03.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering