Garasje

Skal du byggje, rive eller endre garasje?

Du treng ikkje søkje 

Dersom du kan svare ja til alle punkta nedanfor, kan du byggje garasje utan å søkje til kommunen, jf. byggesaksforskrifta § 4-1:

  • det er ein enkel frittliggande bygning under 50 m2, bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA)
  • skal ikkje brukast til bustadføremål
  • skal ikkje innehalde våtrom
  • mønehøgde under 4,0 meter
  • gesimshøgde under 3,0 meter 
     

Svarar du nei på eit av punkta over, er tiltaket søknadspliktig.

 

Prøv gjerne rettleiaren frå Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK)  for å sjekke om du kan sleppe søknad eller ikkje. 
 

Forenkling av reglane gir deg meir friheit til å byggje, men du får òg meir ansvar. Sjølv om du ikkje må søkje kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med alt regelverk. 

 

Du er sjølv ansvarleg for:

  • at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
  • at veglova vert følgt med omsyn til avkøyring, frisiktsoner og avstand til veg
  • at garasjen ikkje vert plassert over vatn- og avløpsleidningar
  • at tiltaket vert infomert om til kommunen etter ferdigstilling, slik at plasseringen kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag og matrikkel

 

Følgjande kan du søkje om sjølv

Dersom du kan svare ja til alle punkta nedanfor, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • det er ein enkelt frittliggande bygning under 70 m2, bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA)
  • eigedomen er bebygd frå før
  • bygningen skal ikkje brukast til bustadføremål
  • bygningen er i ein etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • bygget kan ha loft dersom det har bruksareal på mindre enn 1/3 av underliggande etasje sitt bruksareal

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygninglova. 

Sjå korleis søkjer du
 

Kva kostar det?

Byggesaksgebyr garasje:
 
Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3
Garasje inntil 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 2090    
Garasje > 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 4080 8760 12220

 

Sjå byggesaksgebyr 2017 (PDF, 71 kB)

 

Følgjande krev søknad frå kvalifisert foretak

Dersom du svarar nei på nokon av spørsmåla over må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søkje for deg (ansvarleg søkjar).
 

Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggjefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.


På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) kan du finne firma med sentral godkjenning.

 

Om utforming av garasjar

Ved bygging av garasje på bustadeigedom må utforminga harmonere med bustadhuset. Det bør brukast same kledning, taktekking, listverk, beslag med meir. Det er også nokre branntekniske krav til garasjar når dei er større enn 50 m2 og/eller blir plassert med liten avstand til ein annan bygning.

 

Plassering av garasje

For frittliggande garasje under 50 m2 i ein etasje kan avstanden til nabogrensa vere minimum 1,0 meter, jf plan- og bygningslova § 29-4.

 

Når innkøyring i garasje skjer vinkelrett frå veg vil kommunen vanlegvis kreve oppstillingsplass (5 meter) mellom garasjeport og veg/eigedomsgrense.  Når det gjeld garasjeplassering elles vert det stilt ulike krav i reguleringsplanar. Sjekk reguleringsplan for din eigedom. For område utan reguleringsplan gjeld veglova.

 

Gararsje over 50 m2 eller garasje som er samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter viss det ligg føre ei positiv fråstandserklæring. Erklæringa frå naboen må vere eit skriftleg samtykkje i tillegg til nabovarsling.

Publisert av Marit Kleiven. Ansvarleg Byggesak- og arealforvaltning. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ingeniør
Ingeniør
Gjeld Førde kommune (1)
Nyttige lenker (1)
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering