Garasje eller carport

Skal du bygge, rive eller endre garasje?

 

Prøv gjerne rettleiaren frå Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK)  for å sjekke om du kan sleppe søknad eller ikkje. 

Forenkling av reglane gir deg meir friheit til å bygge, men du får òg meir ansvar. Sjølv om du ikkje må søke kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med alt regelverk. 

Du treng ikkje søke dersom

Dersom du kan svare ja på alle punkta nedanfor, kan du bygge garasje utan å søke til kommunen, jf. byggesaksforskrifta § 4-1:

  • det er ein enkel frittliggande bygning på éin etasje med samla bebygd areal (BYA) og bruksareal (BRA) under 50 kvadratmeter
  • det er meir enn 1 meter til nabogrense
  • skal ikkje brukast til bustadføremål
  • skal ikkje innehalde våtrom
  • mønehøgde under 4,0 meter og gesimshøgde under 3,0 meter 
  • du ikkje overskrider kor mykje som er lov til å byggje på eigedomen din (grad av utnytting)

Svarar du nei på eit av punkta over, er tiltaket søknadspliktig.

 

Du er sjølv ansvarleg for:

  • at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
  • at veglova vert følgt med omsyn til avkøyring, frisiktsoner og avstand til veg
  • at garasjen ikkje vert plassert over vatn- og avløpsleidningar. Hovud-leidningen skal i utgangspunktet ikkje ligge nærare enn 4,0 meter, målt horisontalt. Fundamentet til byggverket må vanlegvis ligge lågare enn underkant VA-leidningen som ligg djupast. Dersom det føreligg avvik må det avklarast med teknisk drift.
  • å melde frå til kommunen når bygget er ferdigstilt, slik at plasseringen kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag og matrikkel. Du gir beskjed ved å fylle ut skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt.

 

Følgande kan du søke om sjølv

Dersom du kan svare ja på alle punkta nedanfor, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søke kommunen sjølv jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • det er ein enkelt frittliggande bygning under 70 m2, bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA)
  • eigedomen er bebygd frå før
  • bygningen skal ikkje brukast til bustadføremål
  • bygningen er i ein etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • bygget kan ha loft så lenge loftet ikkje er å rekne som etasje, jf. byggteknisk forskrift § 6-1.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følger gjeldande krav etter plan- og bygninglova. 

Sjå korleis søker du
 

Kva kostar det?

Byggesaksgebyr garasje:
 
Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2 Tiltaksklasse 3
Garasje inntil 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 2200    
Garasje > 70 m2 bruttoareal eller samla bruksareal 4290 9210 12850

 

 

Følgande krev søknad frå kvalifisert foretak

Dersom du svarar nei på nokon av spørsmåla over må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søke for deg (ansvarleg søkar).
 

Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggjefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må sende inn erklæring om ansvarsrett til kommunen der dei erklærer at dei oppfyller krav til utdanning og erfaring i samsvar med forskrift,jf. byggesaksforskrift (SAK10) kapittel 11.


På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) kan du finne firma med sentral godkjenning.

 

Om utforming av garasjar

Ved bygging av garasje på bustadeigedom må utforminga harmonere med bustadhuset. Det bør brukast same kledning, taktekking, listverk, beslag med meir. Det er også nokre branntekniske krav til garasjar når dei er større enn 50 m2 og/eller blir plassert med liten avstand til ein annan bygning.

 

Plassering av garasje

For frittliggande garasje under 50 m2 i ein etasje kan avstanden til nabogrensa vere minimum 1,0 meter, jf plan- og bygningslova § 29-4.

 

Når innkøyring i garasje skjer vinkelrett frå veg vil kommunen vanlegvis kreve oppstillingsplass (5 meter) mellom garasjeport og veg/eigedomsgrense.  Når det gjeld garasjeplassering elles vert det stilt ulike krav i reguleringsplanar. Sjekk reguleringsplan for din eigedom. For område utan reguleringsplan gjeld veglova.

 

Gararsje over 50 m2 eller garasje som er samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter viss det ligg føre ei positiv fråstandserklæring. Erklæringa frå naboen må vere eit skriftleg samtykkje i tillegg til nabovarsling.

Kontakt

Tore Gjelsvik

Ingeniør
Telefon : 57 61 27 29

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Sissel Vedvik

Ingeniør
Telefon : 57 61 28 19

Snarvegar