Fyrverkeri - oppskyting, oppbevaring og sal

Nyttårsafta er det tillatt å skyte opp fyrverkeri kl 18:00–02:00 utan å søkje på førehand.

Oppskyting utanom nyttårsafta

Dersom du ønskjer å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søkje politiet om løyve til dette. 
 

Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på og skal derfor gjevast skriftleg i brev eller epost. 

 

Politiet stiller som regel vilkår til løyve:

  • Starttidspunktet bør seinast vere kl. 22:45. Det skal vere normal nattero kl. 23:00.
  • Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar)  kan ta sine førehandsreglar.

 

Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri:

  • Vêr- og vindtilhøve.
  • Generell brannfare.
  • Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.
  • Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.
  • Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.
  • Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjenarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.

 

Japanske og kinesiske lykter

Japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd når brannfaren er stor.

 

Oppbevaring av fyrverkeri

Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.

 

Sal av fyrverkeri

Salsperioden for fyrverkeri i Førde er sett til dei to siste ordinære handelsdagane før nyttårsafta. 
 

Alle utsal skal vere godkjent av brannvesenet i god tid før salstidspunktet. Søknaden skal leverast skriftleg innan 1. mai i salsåret.
 

Gå til elektronisk søknadsskjema >

Gå til søknadsskjema i papir >

 

Utsalsstaden skal vere knytt til ein fast butikk, og skal stette krav til lokale for oppbevaring og utsal. Dei ansvarlege skal ha gjennomført kunnskapsprøve frå Norsk Brannvernforening og ha bevis frå dette.

 

Skilt og reklame - fyrverkeri

All skilting, reklamebanner og anna reklame utandørs skal vere sett opp etter regelverket i Førde kommune sine skiltvedtekter (PDF, 595 kB). Dette er søknadspliktig og skal godkjennast av byggesakseininga. Søknaden skal sendast inn i god tid før salet startar. Ikkje godkjent reklame vil bli kravd fjerna.

Publisert av Torill Anita Segtnan. Sist endra 02.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Leif Otto Olsen
Brannmeister, Leiar førebyggande
bilde av personen: Torill Anita Segtnan
Ingeniør

Snarvegar

 
 
Login for redigering