Førehandskonferanse i byggesaker

For spørsmål om innsending av søknad og krav til dokumentasjon, kan du sjå på vår rettleiing for ulike typar tiltak, og hjelpeside for å sende inn søknad.  

Du kan og ta kontakt med servicetorget for hjelp med å orientere deg i prosessen med byggesøknad.

For større eller meir omfattande byggesaker

kan ein førehandskonferanse vere hensiktsmessig. Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg og kommunen. Du må sende inn kart, teikningar, skisser og ei beskriving av problemstillingar før møte.

Mål med møte er å få avklare innhald i kommunale planar og andre krav som er relevante for byggeplanane.

Typisk spørsmål kan vere:

  • Uklåre reguleringsføresegner
  • Behov for dispensasjon
  • Krav om ansvarleg føretak
  • Krav om uavhengig kontroll
  • Uttale frå anna myndigheit

Førehandskonferanse er ikkje ordinær sakshandsaming

Førehandskonferanse må ikkje forvekslast med sakshandsaming. Det vil ikkje bli tatt avgjersler som er bindande for saka vidare. Kommunen kan til dømes ikkje ta ei avgjerd på om dispensasjon kan gjevast, berre gi opplysningar om eventuelle dispensasjonar som er nødvendig for at det aktuelle tiltaket og kva reglar som gjeld for dispensasjon.

Referat

Det skal førast eit kort referat frå førehandskonferansen. Referatet skal dokumentere dei føresetnadane som er lagt til grunn i møtet og som dannar grunnlag for vidare handsaming i saka. Referatet skal godkjennast og signerast av begge partar.

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 05.02.2015 av Vedvik Sissel
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering