Folkehelse

Folkehelse omhandlar faktorar som er med på å påvirke helsa di som mellom anna allergi, drikkevatn, ernæring, innemiljø, skadedyr og strålevern.  


Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å påverke det som fremmer og held ved like helsa til befolkninga.

 

Førde kommune er med i eit interkommunale samarbeid som skal bidra til å oppfylle vårt ansvar til innbyggjarane i høve til miljøretta helsevern, smittevern og førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Flora kommune er vertskommune. På nettsida til Folkehelseavdelinga er det samla mykje nyttig informasjon som gjeld folkehelse.  

Folkehelse i Førde kommune

Førde kommune har laga partnarskapsavtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune om det førebyggande folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet skal vere tverrsektorielt, og viktige samarbeidspartar utanom kommuneorganisasjonen er frivillige organisasjonar, næringsliv og statlege organ.

Folkehelsekoordinator i Førde kommune

 

Satsingsområde for folkehelsearbeidet i Førde kommune

  • Fysisk aktivitet, kosthald og tannhelse
  • Barn og unge sitt oppvekstmiljø 
  • Rus, tobakk- og dopingmidlar
  • Trygge eldre
  • Kultur og eldre 
  • Universell utforming
  • Levande og inkluderande lokalsamfunn
  • Psykisk helse

 

Tilskotsmidlar

Det vert lyst ut tilskotsmidlar kvart år frå fylket med kunngjering i lokalavisene. Lag og organisasjonar som vil delta i folkehelsearbeidet, og som arbeider innafor dei kriteria som gjeld for tilskotsmidlane, kan søkje om tilskot.

Søknad skal sendast til folkehelsekoordinator i kommunen.
 Det er nedsett ei folkehelsegruppe som skal velje satsingsområde, godkjenne handlings- og økonomiplan og årsmelding, og vere eit støtte- og styringsorgan i arbeidet. 

 

Førde kommune si folkehelsegruppe er samansett av fagpersonar frå: 

  • Barnevern
  • Helsestasjon
  • Arealplanlegging
  • Heimetenesta
  • Psykiatritenesta
  • Kultur
  • Mental Helse Indre Sunnfjord
  • Barneskulane
  • Barnehagane
  • Den offentlege tannhelsetenesta
  • Førde Undervisningssjukeheim, demensteamet


I tillegg til folkehelsegruppa er det ulike arbeidsgrupper, der frivillige, brukarar, lag og organisasjonar er med. 

 

Kosthaldsrettleiing

Treng du kosthaldsrettleiing for barn og unge mellom 0-18 år - ta kontakt med helsestasjonen, skulehelsetenesta eller fastlegen. Kosthaldsrettleiing for vaksne vert gitt av fastlegen 
 

Innemiljø, smittevern, støy og stråling

Miljøretta helsevern kan gi svar på spørsmål om mellom anna innemiljø, smittevern, støy, strålevern og drikkevatn.

 

> Sjå nettsida til Folkehelseavdelinga 

Publisert av Doris Rutledal. Sist endra 05.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Folkehelsekoordinator

Snarvegar

 
 
Login for redigering