Finn arealplan

Du finn arealplanar via kartportalen.

 

Gå til kartportal >

 

Kjøp av kartdata >

Finn reguleringsplan via kartportalen

Kommunen sine gjeldande regulerings- og tidlegare utbyggingsplanar er digitalisert og vert vist i kartet når du vel karttype "Reguleringsplan" (nederst på kartsida) og zoomer deg inn i kartet. Grad av detaljering vel du ved hjelp av målestokk.

Du må zoome deg inn til aktuelt område for detaljert plankart.

 

Finn føresegner

Føresegner til den enkelte reguleringsplan/utbyggingsplan, og anna planinformasjon, kan du finne på denne måten:

  • Zoom deg inn til aktuelt område og pass på at du har valt karttype "Reguleringsplan"
  • Klikk i kartet og du får meir planinformasjon
  • Klikk på lenka  "Vis i WebPlan", som då vil kome opp i eit eige vindu. Her finn du alle plandokumenta, føresegner finn du under "bestemmelser"

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Om dei digitaliserte plankarta

Dei digitaliserte plankarta kan vere forenkla og standardisert i høve dei vedtekne plankarta. I enkelte tilfelle kan det vere naudsynt å samanlikne det digitale plankartet med det opprinnelege vedtekne plankartet for avklaring av det juridiske innhaldet i plankartet.

Vedtekne plankart, føresegner og andre relevante dokument knytt til planen finn ein under "Vis i WebPlan".

 

Kvite område

Der kartet ikkje viser regulerings- eller utbyggingsplanar - kvite område, er det fordi:

  • område er uregulert (gjeld det meste av dei kvite områda)
  • område er overstyrt av arealføremål i kommuneplanen

 

Andre planar i Førde kommune

Du finn andre planar som kommunedelplanar og temaplanar under andre planar.

Ny arealdel av kommuneplanen vart vedteken 28. mai 2015, 

Snarvegar