Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brannvesenet sørgjer for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Kor ofte det skal feiast, skal fastsetjast ut frå behov. Behovet vert bestemt ut frå oppvarmingssystemet i bustaden, sotmengd og anna.

 

Tilsyn og kontroll av piper og eldstader skal gjerast kvart fjerde år.

 

 

Heilårsbustader og fritidsbustader

Tenesta gjeld heilårsbustader og fritidsbustader, etter forskrift om brannforebygging.

 

Varsel om feiing eller tilsyn

Varsel om feiing eller tilsyn vert i stor grad sendt ut som tekstmelding via Varsling 24 nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.

Lurer du på om ditt telefonnummer er knytt til denne tenesta, så kan du sjekke dette, og eventuelt endre oppføringa  via endre.1881.no.

 

Sikker tilkomst

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

Før feiaren kjem skal du:

  • Fylle ut svarslippen og henge den på ytterdøra.
  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).
  • Sikre at stigen ikkje kan skli.
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
  • Stenge luker, ventilar og spjeld.
  • Hugse å seie i frå til leigebuar.
  • Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga.

Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.

 

Tilsyn

Eigar eller representant for eigar skal vere tilstades og sørgje for at samtlige bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigars representant varsle andre brukarar (leigetakarar).


Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.


Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn eller liknande.


Spør om ID-kort dersom du er usikker om det er feiaren som kjem på døra. 

 

Har du spørsmål, ta kontakt med:

  • Feiar Rune Ytredal, tlf. 959 89 611

  • Feiar Reinhold Hoffmann, tlf. 959 89 619

 

Publisert av Torill Anita Segtnan. Sist endra 07.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Reinhold Hoffmann
Feiar
Sjå også (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering