Fasadeendring

Fasaden på eit bygg er ytterveggar og tak. Fasadeendring kan vere å bytte vindauge/dører, endre kledning eller taktekking. 

 

Du treng ikkje søkje dersom:

  • du skal skifte, sette inn eller fjerne vindauge eller dør så lenge fasaden ikkje endrar uttrykk
  • tiltaket ikkje er i strid med lovkrav til lys, rømming eller branntryggleik
  • du skal skifte tak, men ver klar over at det kan være søknadspliktig dersom det medfører at takkonstruksjonen vert heva/endra
     

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • bygningen sin karakter vert endra
  • fasadeendringa inneberer inngrep i bærande konstruksjonar
  • fasadeendringa inneberer inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • er nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • fasadeendringa gjer at krava til lys, rømning eller branntryggleik ikkje blir oppfylt
     

Korleis søkje? >

 

Om til dømes skifte av vindu i huset ditt vil medføre eit anna visuelt uttrykk må det vurderast om fasadeendringa er søknadspliktig eller ikkje.

 

Om du endrar fasaden fordi bruken av eit rom skal endrast, til dømes frå bod til soverom, må du søke om bruksendring. Fasadeendringen vert då ein del av denne søknaden. 

 

Dersom du er i tvil, ta kontakt med kommunen. Det er betre å sjekke, enn å risikere at du gjer noko som er søknadspliktig og som det viser seg ikkje kan godkjennast.


Kva kostar det?


Byggesaksgebyr fasadeendring:

Gebyr Tiltaksklasse 1 Tiltaksklasse 2
Fasadeendring/vindauge kr 1050 kr 2090

 

Sjå byggesaksgebyr 2017 (PDF, 71 kB)

 

Arealplan - kva avgrensingar er det på min eigedom?

Det kan vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan gjere på din eigedom. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget. 

Publisert av Sissel Vedvik. Sist endra 11.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Gjeld Førde kommune (1)
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering