Faktura på Vipps og Digipost

Du som innbyggar kan frå mai 2019, velje å få og betale faktura frå Førde kommune gjennom Vipps og Digipost. Du kan betale som du alltid har gjort, men no får du fleire val når du skal betale faktura frå kommunen. 
 

 

Vipps

For deg som har sagt ja til å få rekningar i Vipps-appen:

  • Faktura frå Førde kommune vert sendt via Vipps faktura.
  • Du får varsel på mobilen når det kjem ein ny faktura.
  • Godkjenn og betal faktura når du får han, eller la han ligge til forfallsdato.
  • I Vipps-appen får du kvittering og har oversikt over betalte og ubetalte faktura. 

Har du avtale med Førde kommune om å bruke AvtaleGiro eller eFaktura, treng du ikkje gjere noko. Fakturaen kjem i nettbanken som tidlegare. 

Faktura på Vipps er ein avtale mellom deg som kunde og Vipps. Dersom  du ikkje ønskjer å ha denne avtalen må du avslutte avtalen i Vipps.

Slik avsluttar du avtalen med Vipps

Gå inn på Vipps - profil – Betalingsval - der er det to val:

  1. Motta rekningar i Vipps – den må då vere av
  2. eFaktura i nettbank og appar – Alltid Vipps efaktura –  må også vere av.

Du slår av ved å skyve "knotten" til venstre. Dei vil då bli grå og betyr at dei ikkje er aktive. Er det farge på dei, er dei aktive.

Digipost 

For deg som har sagt ja til digital postkasse gjennom Digipost eller får papirfaktura i posten:

  • Har du sagt ja til å få rekningar i Vipps-appen, blir fakturaen sendt til din mobil.
  • Har du sagt ja til å få offentleg kommunikasjon i Digipost, og ikkje valt andre elektroniske løysingar, vil faktura no bli sendt til din postkasse i Digipost.
  • Har du ikkje sagt ja til eFaktura, Vipps eller Digipost, vil faktura bli sendt på papir heim til deg. 

Slik reserverer du deg mot digital kommunikasjon

Dersom du får fakturaene på Digipost, og ikkje vil ha dei der, må du gå inn på Norge.no og reservere deg.

Då går du inn på norge.no – digital borgar – reservasjon – reserver deg mot digital kommunikasjon - legg inn fødselsnummeret ditt – reserver.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar