Få breva dine rett på mobilen

Klikk for stort bilete

Skaff deg digital postkasse og få breva raskare – rett på mobilen eller datamaskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt?

Gjennomført kampanje via e-post og SMS

Førde kommune vil at fleire tek i bruk digital postkasse. Difor har vi saman med Difi (Direktoratet for forvaltning og ikt) gjennomført kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. Du har kanskje fått både e-post og SMS med oppmoding om å opprette ein digital postkasse. Vi håpar sjølvsagt flest mogleg ønskjer å ta i bruk digital postkasse, men har forståing for at det ikkje passar for alle.  

 

Sogn og Fjordane er det fylket med lågast del registrerte postkassar. Leikanger kommune har flest digitale innbyggarar, deretter følgjer Sogndal og Førde.

 

Fordelane med digital postkasse for deg 

  • Du får breva dine raskare enn på papir
  • Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
  • Posten vert lagra trygt og du slepp å rote papirbreva vekk
  • Du sparar miljøet med mindre avfall og transport

     

Kva treng du for å opprette ein digital postkasse?

Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil. 

 

Korleis får du digital postkasse? 

Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post. 

 

Opprett Digipost >

 

Opprett e-Boks >

 

Har du spørsmål eller treng hjelp?

Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00, eller Marit Kleiven på telefon 57 61 26 58,
e-post: mkl@forde.kommune.no. Vi hjelper deg gjerne. 

 

Korleis veit du at det kjem post til deg?

Når du får digital post vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du at noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse med BankID, MinID, Buypass eler Commfides. 

 

Eigedomsskatten - oversikt over takst og skatt vert sendt digitalt

Frå 2018 vil Førde kommune sende oversikten på kor mykje du skal betale i eigedomsskatt digitalt. Dette er ein oversikt over takst og skatt og innheld ikkje faktura. Dersom du har oppretta ein digital postkasse vil du få brevet der. 

 

Har du ikkje oppretta ein digital postkasse, kan du opne brevet i Altinn. Om du ikkje opnar brevet i Altinn etter to yrkedagar, vil du få brevet på papir i posten slik som før. 

 

Nyttig å samle posten frå det offentlege ein stad

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege. 

 

>> Alt du treng å vite om digital postkasse finn du på norge.no

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar