Akutt problem med vassforsyning
Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.
- Teknisk vakttelefon: 959 89 613
Ring Servicetorget på telefon 57 72 20 00 om det er andre spørsmål enn akutte problem med vassforsyninga.
Mjukt eller hardt vatn?
I Førde har vi "mjukt" vatn med pH mellom 7,8 og 8,3. Det betyr at du ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner.
Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.
Varsling om endring i vassforsyninga
Vi informerar via internett og media, og varslar på telefon til dei som vert direkte berørt ved følgande hendingar:
- når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
- om vasstrykket vert endra
- ved koketilråding av drikkevatnet
Tilkopling til det kommunale leidningsnettet
Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytt til nettet.
I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gi byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.
> Les meir om tilkopling til offentleg vass- og avløpsnett
Informasjon om Førde Vassverk
Førde Vassverk følger prøveplanar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Prøvene vert analyserte av SunnLab AS
Drikkevatnet frå Førde vassverk kjem frå Gravvatnet som ligg ca 600 moh, på grensa mellom Førde og Gaular. Vatnet renn i tunnel og røyr fram til vassverket i Refsdalen. Der vert det filtrert gjennom 4 basseng med marmorsand, og deretter desinfisert med klor og ultrafiolett (UV) lys, før det blir sendt ut til forbrukarane.
Vassverket produserer klor frå vanleg koksalt i eige anlegg .