Driftsbygningar i landbruket

Skal du bygge, rive eller endre ein driftsbygning?

Med driftsbygningar i landbruket meinast bygningar for drift til jordbruk, husdyrbruk, seterdrift, hagebruk, gartneri, skogdrift, pelsdyravl, reindrift og yrkesfiske. Bygningane kan ikkje nyttast som bustad eller fritidsbustad.

Du kan søke på eiga hand dersom:

  • Det er ein frittståande bygning med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) mindre enn 1000 kvadratmeter.
  • Tiltaket skal førast opp i inntil ein etasje (ei høgd). Bygningen kan i tillegg ha loft inntil 1/3 av areal i hovudetasjen, og vere underbygd med kjellar.
  • Du skal bygge våtrom i eksisterande bygning.
  • Avstand til nabogrense er over 4 meter.

Korleis søke? >

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Det er ein frittståande bygning med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) over 1000 kvadratmeter.

> Sjå byggesaksgebyr for søknadspliktige tiltak (PDF, 71 kB)

 

Dokumentasjon:

Storleiken avgjer kva dokument som må sendast kommunen.

  • Det må opplysast i søknaden om tiltaket vil omfatte arbeidsplassar (t.d. avløysar). For tiltak som omfattar arbeidsplassar må det søkast om løyve frå Arbeidstilsynet.
  • Viss driftsbygningen skal nyttast til husdyr må opplysningar om gjødsellagerkapasitet og tappeanlegg ligge ved søknaden.

Uavhengig kontroll:

Før det vert gitt ferdigattest skal kommunen kontrollere gjødsellagerkapasitet og tappeanlegg.

Publisert av Vedvik Sissel. Sist endra 23.05.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering