Digital utsending av faktura

Klikk for stort bilete

Førde kommune startar no å sende ut faktura digitalt. 

Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein avtale som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen. Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Faktura frå kommunen til deg som innbyggar kan du motta på følgande måtar: 

 

1. Avtalegiro eller eFaktura

Dersom du allereie har ein avtale med oss om Avtalegiro eller eFaktura, vil du få fakturaen som før. Det blir såleis ingen endring for deg. 
 

2. Digipost eller eBoks

Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no, Digipost og eBoks.no
 

3. E-post

For å motta faktura på e-post treng vi e-postadressa di. Ring Servicetorget på 57 72 20 00 eller send ein e-post til postmottak@forde.kommune.no om du ønsker å få registrert e-postadressa di. Faktura blir då sendt som vedlegg til e-post. 
 

4. EHF – elektronisk handelsfaktura

Vi sender automatisk fakturaer på EHF til dei av våre kundar som har organisasjonsnummer registrert i Elma registeret. Kan du motta EHF og ikkje får det frå oss, kontakt oss på postmottak@forde.kommune.no og informer om riktig organisasjonsnummer. 
 

5. I posten 

Dersom du har reservert deg mot å motta digital post, og heller ikkje har oppretta avtalegiro/eFaktura, vil du få papirfaktura i postkassen din. Fakturaen vil vere utan bankgiroblankett. 
 

6. Brevgiro

Dersom du ønsker å betale med brevgiro må du sjølv fylle ut ein tom giroblankett. Den nye fakturaen frå Førde kommune er utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro. Tomme giroblankettar får du i banken din. Informasjonen som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss.

 

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale

Om du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få ein epost med tilbod om å inngå eFaktura-avtale med Førde kommune. E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale. Det er sjølvsagt valfritt om du vil inngå avtalen.

 

Vipps Faktura

I Førde kommune kjem Vipps Faktura først i 2019. Faktura via Vipps føreset at du er brukar av Vipps, har aktivert tenesta «Vipps Regninger» og har registrert eit gyldig mobilnummer i vårt kunderegister. Kontakt oss på postmottak@forde.kommune.no om du ønsker å få registrert mobilnummeret ditt. Meir informasjon finn du på Vipps.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar