Demensteam Førde kommune

Demensteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. I tillegg yter vi hjelp til pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte. Vi har teieplikt og kan hjelpe.

Kontaktinformasjon:

  • Mobiltelefon: 414 52 066, kl. 10.00–15.00 (måndag til fredag) dersom ikke svar kontakt servicetorget på  57 72 20 00  og be om tildelingseininga
  • E- post: demensteam@forde.kommune.no
  • Postadresse: Postmottak, Pb 338, 6802 Førde
  • Besøksadresse: Rødekorsbygget 2.etg. Langebruvegen 28 

.

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens. Målet er å skape ein trygg og forutsigbar kvardag både for demensråka og deira pårørande. 

 

Dei kan mellom anna hjelpe med å klargjere rettane til den enkelte brukaren og kontakte og samarbeide med hjelpeapparatet. Teamet ønskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.
 

Korleis arbeider demensteamet?

  • Vi driv pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande og for personar med lever med demens
  • Kartlegging av personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med andre som yter hjelp. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet.
  • Rettleiing for tilsette som arbeider med personar som lever med demenssjukdom og deira pårørande
  • Vakttelefon for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens
Vi har teieplikt, så all kontakt med oss vert behandla konfidensielt. 

 

 

Kontakt

Ta tidleg kontakt med Demensteamet i Førde kommune

Telefon : 414 52 066

Snarvegar