Førde ressurssenter har dagtilbod for deg som er over 18 år og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ressursar og behov for å få ein meiningsfull kvardag.
Vi har både gruppetilbod og ein til ein -tilbod, tilpassa ditt behov for oppfølging. Alle har sin eigen vekeplan.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere produksjon av varer til butikken vår, kantinearbeid, stell og vedlikehald av grøntareal og fysisk aktivitet.
Vi har dagtilbod måndag til fredag i tidsrommet 09:00–14:30. Vi har 4 veker feriestengt om sommaren.