Dagsenter for eldre

Dagsenter er eit tilbod til eldre og demente heimebuande i Førde. Senteret har eigne lokale i og rundt Helsetunet. Her får du frukost, middag, ettermiddagskaffi, trim og andre aktivitetar og sosialt samvær.

  • Pris per dag: 155 kroner (full kost)

Målsetting for tilbodet:

  • Gje tilbod om aktivitetar
  • Bryte einsemd og etablere kontakt
  • Avlasting til pårørande
  • Lage eit miljø det tryggleik og glede står i fokus
  • Skape kontakt mellom heimebuande og brukarane på institusjonen
     

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og levere den med søknaden.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine behov for hjelp. Deretter vert det gjort eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 
Ansvarleg Turid Anita Viken. Sist endra 09.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Arbeidsleiar
Fagleiar Tildelingskontoret

Snarvegar

 
 
Login for redigering