Bygging av landbruksveg (skogbruk- og jordbruksvegar)

Skal du bygge ny landbruksveg eller bygge om ein eksisterande, må du søkje om løyve frå kommunen.

Søknadskjema.

Du må også legge ved eit kart, der du teiknar inn veglina og eventuelle massetak.

Landbruksvegar skal ha skogbruk eller jordbruk som hovudformål. Om vegen i hovudsak blir nytta til anna formål, skal den handsamast som byggesak etter Plan- og bygningslova.

Skogbruksvegar kan få tilskot. Søknad om tilskot blir handsama og eventuelt innvilga av Fylkesmannen. Søknad skal sendast til kommunen for vurdering, og vi videresender denne til Fylkesmannen

 

Forskrift om bygging av landbruksveier. Forskrifta skal sikre at planlegging og bygging av landbruksvegar skjer på en måte som gjev landbruksfaglege gode løysingar. Gjennom planlegging, søknad og kommunen si handsaming av søknad, skal det leggast vekt på omsyn til miljøverdiar som naturmangfald, landskap, kulturminner og friluftsliv. Vidare skal det takast omsyn til farer knytt til flaum, erosjon og lausmasseskred.  Andre interesser som kan bli råka av vegbygginga, skal også vurderast.

Forskrifta gjeld bilvegar og traktorvegar som skal nyttast til skogbruk- og jordbruksdrift og som vert bygde i samsvar med vegnormalane for landbruksvegar.

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar