Byggeskikkpris

Sogn og Fjordane Kunstmuseum - Klikk for stort bilete Førde kommune deler kvart år ut ein byggeskikkpris. Sogn og Fjordane Kunstmuseum mottok prisen i 2014. 

Byggeskikkpris i Førde kommune

Føremålet med byggeskikkprisen i Førde, er å stimulere til kvalitet, estetikk og omtanke bak det som blir bygd. Prisen er med på å gje ein honnør til byggherrar og huseigarar som framstår som gode føredøme. 

 

Publikum vert bedd om å kome med forslag til kandidatar. Byggeskikkjuryen vurderer forslaga og kjem med innstilling til ein prisvinnar. I juryen er det tre politikarar, ein person frå næringslivet og ein fagperson. 

 

Prisen vert utdelt i bystyret og består av ein diplom og ein plakett. 

 

Kven har motteke byggeskikkprisen?

Byggeskikkprisen Førde kommune Byggeskikkprisen vart først delt ut i 2005, og har sidan vore delt ut kvart år.
Byggeskikkprisen Førde kommune
ÅrstalTemaVinnar
2005Kontor- og forretningsbyggHafstadvegen 76 (YIT og BMW). Byggherre: Magne Hafstad Eigedom AS. Arkitekt: Christina Kvamme
2006TunmiljøGunnar Jan Gjerland for gardstun i Haukedalen
2007Bustad i ulike formerBustadblokker på Bergum, Hornnesvegen 39 og 41. Byggherre: Åsen & Øvrelid AS. Arkitekt: Arki arkitekter AS
2008Gode møteplassarKulpen på Ytre Hafstad. Mottakar: Ytre Hafstad Grannelag
2009Sentrumsnært tiltak der det er lagt vekt på trivsel og samsepl med omgjevnadenRestaurantbygget Pikant. Byggherre: Bøkely AS. Arkitekt: Jan Ludvig Hundvebakke
2010Restaureringsprosjekt bygd på gode handverksmessige tradisjonarAnn Sølvi Vonen og Ola Kvaal
2011Barnehagar og utdanningsinstitusjonarHøgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Førde. Byggherre: Statsbygg. Arkitekt: Link Arkitekter AS, Flataker Landskap (utomhus)
2012BuformerLindbøen 2, bustadblokk. Byggherre: Lindbøen Eigedom AS. Arkitekt: Arki arkitekter AS
2013Ikkje noko spesielt temaBlomreina gravplass. Byggherre: Førde kommune/Førde kyrkjelege fellesråd. Arkitekt: Grindaker AS Landskapsarkitekter
2014Ikkje noko spesielt temaKunstmuseet. Byggherre: Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune. Arkitekt: CF Møller Norge AS
2015Ikkje noko spesielt temaRehabilitering av blokkene på Bergum. Byggherre: Bergum Burettslag. Arkitekt: ARKI arkitektar AS
2016Moderne arkitektur til bustadføremålVilla H, Øvre Fossheim 4. Byggherre: Bjørnar Hillestad og Cecilie Blindheim Hillestad. Arkiteket: Xform AS v/Tore Hillestad

 

Spørsmål om byggeskikkprisen?

Tore Gjelsvik v/byggesak og arealforvaltning er sekretær i byggeskikkjuryen. Ta kontakt med han om du har spørsmål, tlf. 57 61 27 29 eller på e-post: tgj@forde.kommune.no

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 10.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ingeniør
 
 
Login for redigering