Bustønad frå Husbanken

Bustønad er for deg som har låg inntekt og treng stønad for å betale høge buutgifter. 

 

Det er forholdet mellom inntekt og bukostnader som avgjer om du har rett til bustønad. Inntekta di må vere så låg at du har problem med å betale bukostnadane. Det er sett øvre grenser for kor høg inntekt du kan ha for å kunne få bustønad.

> Sjå inntektsgrensene for bustønad

Krav til søkjar

For å få bustønad må du og bustaden din oppfylle desse krava.

  • Du må ha fylt 18 år. Dersom du har eigne barn, kan du søkje sjølv om du er under 18 år.
  • Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Du må òg vere registrert på denne bustaden i Folkeregisteret den 1. i den månaden du søkjer.
  • Bustaden din må vere godkjent for heilårsbruk. Det kan ikkje vere ein fritdsbustad. I tillegg må han ha eigen inngang og vere høveleg for å kvile og lage mat.

Du kan ha rett til bustønad dersom du er student med eigne barn eller studerer som del av eit offentleg program for arbeidskvalifisering gjennom NAV eller kommunen. 
 

Søknadsfrist

Søknadsfrist for bustønad er den 25. kvar månad, med utbetaling den 20. i månaden etter.

 

Slik søkjer du om bustønad


1. Du treng desse vedlegga:

  • kopi av husleigekontrakt om du leiger bustad
  • kopi av nedbetalingsplan for bustadlån og fellesutgifter om du eig bustaden
  • dokumentasjon på inntekt om det ikkje kjem fram på norsk likning

Straumutgifter, bustadforsikring og likningsopplysningar treng du ikkje dokumentere. 

 

2. Send inn søknad


Dersom du treng hjelp med utfylling av søknaden, kan du ta kontakt med Servicetorget, Førde rådhus, Hafstadvegen 42. Telefon: 57 72 20 00.
 

Kva skjer vidare?

  • Du sender søknaden til kommunen du bur i, men vedtaket og utbetalingane kjem direkte frå Husbanken.
  • Søknader vert behandla fortløpande kvar månad, med vedtak mot slutten av månaden. Innan den 20. neste månad får du beskjed om vedtaket, saman med eventuell utbetaling av stønad. 
  • Får du bustønad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje har skjedd endringar. 

 

Klage

Klagefrist er tre veker frå du mottek vedtaket. Klagen må grunngjevast og innehalde eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. 
 

Husbanken om bustønad

Publisert av Kirsten Sunde. Sist endra 26.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Arbeidsleiar Servicetorget
Tenesteeining (1)
Nyttige lenker (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering