Bustadtilskot frå Husbanken

Startlån og bustadtilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp eller utbetring av bustad og som heller ikkje har høve til å spare. Bustadtilskot kan bli gitt i staden for eller saman med startlån frå Husbanken. I vurderinga vert det lagt vekt på din økonomiske situasjon.

 

 

Bustadtilskot kan òg nyttast til tilpassing i bustad når nokon i husstanden har nedsett funksjonsevne.

Søknad via Servicetorget

Ring Servicetorget på 57 72 20 00 v/Kirsten Sunde for å få meir informasjon om korleis du går fram for å søke om bustadtilskot. Du treng gjerne ein timeavtale for å få rettleiing til utfylling av søknadsskjema. Kva du treng av vedlegg og dokumentasjon kan òg Servicetorget hjelpe deg med. 

 

Sjå også

Kontakt

Kirsten Sunde

Arbeidsleiar Servicetorget
Telefon : 57 61 26 78

Snarvegar