Bustad eller fritidsbustad

Skal du byggje eller rive ein einebustad eller fritidsbustad, kan du ikkje søkje sjølv. Du må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert foretak som kan utarbeide og stå ansvarleg for søknaden til kommunen (ansvarleg søkjer).

Di rolle i byggjesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggjefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett og erklære at dei er kvalifisert i samsvar med byggesaksforskriften kapittel 11.
 

På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan du finne firma med sentral godkjenning.

 

Vil du vite meir om kven som gjer kva?

Rollene i ei byggesak: tiltakshaver, ansvarleg søkjar, ansvarleg prosjekterande, ansvarleg utførande, og ansvarleg kontrollerande.

Sist endra 15.08.2017
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar