Brannøving

HMS-forskrifta pålegg alle verksemder å drive systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid for å førebygge uønska hendingar som brann, vasskader og personulykker. Brannøvingar inngår som ein naturleg del av dette arbeidet.

 

 

 

 

Brannvesenet kan delta på brannøvingar rundt om i verksemdene.              Kontakt leiar beredskap Bjørn Berge, tlf 90 20 18 60.

Brannvesenet i aksjon under øvelse. - Klikk for stort bilete

 

Nedbrenning av hus

Kommunen har plikt til å syte for at brannvesenet både får praktiske og teoretiske øving slik at mannskapet sin kompetanse vert vedlikehalden og utvikla slik at den er tilstrekkeleg til at brannvesenet kan løyse dei oppgåver det vert forventa å å bli stilt overfor.

 

Fullskalaøvingar - nedbrenning av hus, er difor eit viktig element i brannvesenet sitt øvingsprogram.

 

For at slik øving kan finne stad, må det liggja føre:

  • vedtak om rivingsløyve
  • nabovarsel om nedbrenning
  • miljøsaneringsrapport
  • avtale mellom huseigar og brannvesenet

 

Brannvesenet skal ha sine kostnader med øvinga dekka av huseigar. Kostnaden ligg på rundt kr 30.000 og avheng av storleiken på huset. Beløpet vert teken inn som eit ledd i avtalen  mellom brannvesenet og huseigar.

Publisert av Bernhard Øberg. Sist endra 15.06.2016 av Torill Anita Segtnan
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Bernhard Øberg
Leiar/brannsjef

Snarvegar

 
 
Login for redigering