Brannførebyggande

Førde Brannvesen gjennomfører førebyggande arbeid i Førde og Naustdal gjennom lovpålagd tilsyn, informasjonskampanjar og opplæring. Førebyggande arbeid omfattar også godkjenning av fyrverkeriutsal.

Brannfarlig roterom - Klikk for stort bilete

Lovpålagd tilsyn

Det vert ført tilsyn med bygg og stader kor eventuell brann kan føre til tap av mange menneskeliv eller store verdiar. Objekta det vert ført tilsyn med er registrert som særskilde brannobjekt etter lov om brann- og eksplosjonsvern §13.

 

Informasjon

Brannvesenet gjennomfører ein del informasjonstiltak mot publikum. Mellom anna deltek vi i den landsomfattande Aksjon boligbrann. Aksjonen vert starta med røykvarslardagen 1. desember kor det vert sett fokus på kor viktig varsling av brann er for å berge liv ved brann. Vidare vert det gjennomført ein informasjonskampanje mot private bustader kor det med bruk av sjekklister og samtalar med bebuarane vert informert om og ført statistikk over branntryggleiken i eit utval av bustader.

 

Dei siste åra har brannførebyggande også vore tema på vidaregåande skule og høgskule, for å minne elevar og studentar på om branntryggleik på hybel og i leigd bustad.

 

Opplæring

Alle 6. klassar i Førde og Naustdal får kvart år tilbod om brannvernopplæring. Denne består i ein teoridel og ein praktisk del med bruk av enkele sløkkeapparat. Dette er ein del av eit samarbeidsprosjekt med Sogn og Fjordane Brannbefalslag og Det lokale eltilsyn ved Etrygg.

 

Brannvesenet gjev etter avtale også bistand til opplæring og øvingar  for private, burettslag, sameige og næringsverksemder. Dette er ikkje ein prioritert teneste, og vert derfor tilpassa kapasiteten til eininga.

 

Fyrverkeri

Utsal som skal selge fyrverkeri må søke før 1. april om godkjenning av utsalsstaden. I sjølve salsperioden vert det ført tilsyn med at lokala og sjølve salet vert gjennomført i samsvar med gjeve løyve.

 

Kontakt

Torill Anita Segtnan, tlf 57 61 28 24

Publisert av Torill Anita Segtnan. Sist endra 16.07.2017 av Bernhard Øberg
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Torill Anita Segtnan
Ingeniør

Snarvegar

 
 
Login for redigering