Brann- og feiarvesenet

Brannmenn Førde kommune - Klikk for stort bilete

Eininga teknisk drift har ansvaret for brannvesenet, feiarvesenet og forureining.
 

Brannvesenet er delt i to avdelingar, beredskap og førebyggande. Hovudoppgåva er å førebygge mot brann for å hindre at liv og verdiar går tapt. Brannstasjonen er lokalisert på Øyrane, med adresse Øyrane 8.

Brannberedskap

Brannvesenet skal på kort varsel rykka ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver. Brannvesenet har dagkasernert vakt og deltidstilsett utkallingsmannskap.
 

Førebyggjande brannvern

Førebyggjande avdeling har som hovudoppgåve å førebyggja brann og andre ulukker. Førebyggjande tiltak kan vere alt frå tilsyn, tiltak mot risikoobjekt, og til informasjon retta mot innbyggjarane i kommunen.    


I løpet av året arrangerer vi ei rekkje informasjonstiltak og brannvernkampanjar, samt  Open brannstasjon. Brannvesenet bistår med kurs og seminar for organisasjonar, bedrifter, institusjonar, skular, barnehagar, velforeiningar og andre.  

 

Feiarvesenet

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er feiarvesenet si hovudarbeidsområde. Feiarvesenet skal også føre tilsyn med eldstader, sløkkemiddel, varslingsanlegg og rømmingsvegar i alle private bustadar. 


Forureining

Ulovleg avfallshandtering er ikkje berre skjemande, men kan óg føre til forureining. Kjem du over noko avfall som er lagra ulovleg, så gi oss eit tips om det. 
 

Les meir:  

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Bernhard Øberg

Bernhard Øberg

Brannsjef og leiar for teknisk drift
Telefon : 57 61 28 21
Mobil: 959 89 601
bilde av personen: Torill Anita Segtnan

Torill Anita Segtnan

Ingeniør
Telefon : 57 61 28 24
Mobil: 476 72 972
bilde av personen: Reinhold Hoffmann

Reinhold Hoffmann

Feiar
Telefon : 959 89 619

Snarvegar