Prøvingsattest
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. Er begge norske kan de og bruke den digitale innloggingstenesta for prøving av ekteskapsvilkår via skatteetaten.no
Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.
Bestille tid for vigsel
Det er Servicetorget i Førde kommune som administrerer vigselsordninga for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Ta kontakt på telefon 57 72 20 00 for å bestille tid for vigselen, eller bruk det digitale skjema for bestilling av borgarleg vigsel.
Tid og stad for vigsel
Vi tilbyr vigsler alle yrkedagar i kontortida. Dei fleste vigslene blir gjennomført på fredagar, men vi har tilbod om vigsel på desse laurdagane i 2020:
- 04. april (palmelaurdag)
- 30. mai (pinseafta)
- 27. juni
- 08. august
- 12. september
Vigselen vil foregå i Førde rådhus i 5. etasje.
Vi aksepterer også vigslar på andre stader i området der køyretida er mindre enn ein halv time frå Førde.
Pris
Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar enn Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.
Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette.
I tillegg har ordførar og varaordførar mynde til å vigsle eit brudepar.
Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Vigselsattest vil de motta frå Folkeregisteret.