Bod, uthus, leikehytte eller liknande

Kva du kan byggje på din eigedom kjem an på kva reglar som gjeld for din eigedom. Det vil vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan byggje.


Pass på at bygget er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget.

Følgjande kan du gjere utan søknad

Kan du svare ja på følgjande punkt, så treng du ikkje søkje kommunen, jf. byggesaksforskrifta § 4-1.

  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 m2.
  • Tomta er bygd på frå før, og nytt bygg gjeld ein enkel frittståande bygning på ein etasje og utan kjellar.
  • Bygningen skal ikkje brukast til bustadføremål.
  • Det er over 1 meter til nabogrensa.
  • Bygningen er oppført med tilstrekkleg avstand frå offentleg regulert veg.
  • Maks gesimshøgde er 3,0 meter og maks mønehøgde er 4,0 meter.
  • Tomta er regulert til bustad- eller hytteformål, eller er frådelt til dette formålet.
  • Tomta ligg ikkje i stølsområde.
  • Overstig ikkje grad av utnytting for tomta. I reguleringsplanane er det fastsett maksimal tomteutnytting, det vil seie samla bruksareal i høve tomtearealet.
  • Er i samsvar med gjeldande planar for området.
  • Bygningen er ikkje plassert over vatn- og avløpsrøyr.


Sjølv om du ikkje treng å søkje kommunen, så er du likevel ansvarleg for at bygningen vert utforma i tråd med alt regelverk.


I tillegg bør du informere naboar så godt du kan før oppstart.

 

Prøv gjerne rettleiaren frå Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) for å sjekke om du kan sleppe søknad eller ikkje. 
 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

Svarar du nei på eit av punkta ovanfor, men tiltaket er ein frittståande bygning med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) under 70 m2, eller det er eit tilbygg til eksisterande bygning med samla BRA eller BYA under 50 m2 så kan du søkje og stå ansvarleg sjølv. Bygningen kan i tillegg ha kjellar.

 

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer krav etter plan- og bygningslova og gjeldende planer for din eigedom.
 

Korleis søkje >

 

Sjå byggesaksgebyr  (PDF, 71 kB)
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2 eller skal brukast til bustadføremål 

Du må ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert foretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 15.08.2017 av Vedvik Sissel
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ingeniør
Ingeniør
Gjeld Førde kommune (1)
Lover og forskrifter (2)

Snarvegar

 
 
Login for redigering