Barnehagane i Førde

I Førde kommune har vi tilbod om til saman 16 barnehagar. Fristen for hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars kvart år.

 

Søkjer du plass utanom hovudopptaket kan du søkje heile året. Du står på søkjarlistene til du får tilbod om barnehageplass, eller sjølv slettar søknaden. 

Søknadsfrist er 1. mars til hovudopptaket

Førde kommune har eitt felles opptak for alle barnehagane, både kommunale og private. Søknadsfristen er 1. mars, og du søkjer elektronisk via nettsidene til kommunen. 

 

Hovudopptaket gjeld i utgangspunktet for ledige plassar frå august. 
 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. nr. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat
 

Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å søkje.
 

Søk barnehageplass >

 

Finn barnehagene i kartet om du vil sjå kor dei er i Førde kommune. 

 

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2017.
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 2017.

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

 

Du får svar elektronisk

Tilbodet om barnehageplass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. Ha klar BankID, MinID eller anna pålogging. 

 

Søkjer du innan 1. mars får du svar på søknaden i mars/april. 

 

Kva for kriteria/vilkår vert barnehageplass tildelt etter?

Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:

  • Barn som har nedsett funksjonsevne. 
  • Barn som er omfatta av § 4-4 andre og fjerde ledd og § 4-12 i barnevernlova. 
     

I dei kommunale barnehagane gjeld òg desse kriteria:

  • Barn som har særlege behov for barnehageplass på grunn av sosiale, helsemessige, eller andre spesielle forhold i heimen.
  • Adoptivbarn frå utlandet, barn frå familiar der begge foreldra er tospråklege eller framandspråklege.

Dei kommunale barnehagane har vedtekter om opptakskriteria (PDF, 238 kB).
 

Ved søknad om opptak etter prioritert kriterium skal det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass. 

 

Dei private barnehagane har eigne opptakskriteria:


 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til
Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde

Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

 

Prisar

Barnehage Betalingssatsar 2017
Barnehage
TilbodPer månadMatpengar
100 % plass2730300
80 % plass2454240
60 % plass1914180
50 % plass1640150
40 % plass1364120
Søskenmoderasjon 30 % for eitt søsken, 50 % for søsken nr. 2 og oppover

 

Gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling 

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt. Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar. Her finn du informasjon om kven som kan søkje og korleis du søkjer.  

 

Oppseiing av barnehageplass

Du kan seie opp barnehageplassen din skriftleg  eller via barnehageportalen (der du søkte om plass). Det er 3 månaders oppseiingstid, det vil seie oppseiingsmånaden pluss to påfølgjande månader. Seier du til dømes opp i løpet av mai, gjeld oppseiinga mai, juni og juli. 

 

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde.
 

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen, som er klageinstans. Sjå også Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehagen. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 02.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering