Melding til barnevernet
Dersom eit barn lever under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira, har offentleg tilsette plikt til å melde frå om dette skriftleg til barnevernet. Andre, som familie, vener og naboar, kan òg melde frå til barnevernet.
Slik melder du frå til barnevernet
Du kan ringe oss, møte opp personleg eller skrive brev.
Kva skjer vidare?
Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus.
Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gje tilbakemelding.
Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova.
Kontaktinformasjon Førde og Gaular barnevern
Slik kontaktar du barnevernet i Førde og Gaular:
- telefon: 57 72 21 30, kl. 08.00–15.30
- besøksadresse: Førde rådhus, 3. etasje
- postadresse: Førde og Gaular barnevern, postboks 338, 6802 Førde
Krisesituasjonar - her kan du ringe
- Vaktordning for barnevern utanom kontortid: 474 57 272
Vaktordninga er felles for kommunane Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Flora, Bremanger, Vågsøy, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.
- I krisesituasjonar kan du også ringe politiet på tlf. 02800
Ring krisesenteret om du er utsett for vald
Dersom du blir utsett for vald av ein som står deg nær, kan du ringe her:
> Sjå også: dinutvei.no - nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod til utsette for vold, overgrep og voldtekt.
Familievern
Dersom du har problem i familien eller i samlivet, kan du kontakte familievernet. Vi legg vekt på å førebyggje og rår deg til å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste. Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med familievernkontoret.
Kontaktinformasjon familievernkontoret