Bad eller kjøkken

 

Du treng ikkje søkje dersom: 

  • Du skal byggje, rive, endre eller reparere bad, vaskerom, kjøkken, eller enkle installasjonar i eksisterande bygg innanfor same bueining eller branncelle.
  • Du skal byggje bad eller kjøkken i nytt tilbygg der samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) ikkje er over 50 kvadratmeter og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig bueining.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike bueiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje kjem i konflikt med brannskille mellom bueiningane.

Hugs at rommet må vere godkjent for varig opphald. Om det ikkje er det, må du søkje om å endre bruken av rommet.
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Arbeidet bryt skille mot annan bueining (brannskille, lydskille).
  • Endringar i bærande vegg eller konstruksjon.
  • Du skal lage ei ny bueining med bad eller kjøkken i.
  • Du skal byggje eller rive bad i nytt tilbygg over 50 m2. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld reglar for sjølvbyggjar.

Sjå byggesaksgebyr (PDF, 71 kB)


På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan du finne firma med sentral godkjenning.

 

Publisert av Marit Kleiven. Ansvarleg Byggesak- og arealforvaltning. Sist endra 15.08.2017 av Vedvik Sissel
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ingeniør
Ingeniør
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering