Avlasting for born og unge

Avlasting er eit tilbod til foreldre med store omsorgsoppgåver til born med nedsett funksjonsevne.

Avlasting 

Avlastinga skal gjere det mogleg for deg å oppretthalde gode familerelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie.
 

Målsetting

Målsettinga er å virke førebyggande slik at du skal kunne gje tilfredsstillande hjelp til den omsorgstrengande over tid.
 

Praktisk informasjon

  • Søknaden vert vurdert etter kartlegging av omsorgsoppgåvene.  
  • Ekstra avlasting på dagar skule og barnehage er stengt må søkjast om spesielt, minst 3 månader før.
  • Søknadsfrist for ferieavlastning for sommar er sett til 1. mars kvart år.
  • Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om avlasting.
 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde
 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. 

 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit hemebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det.

 

Kan eg klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester
 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. 
 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Tildelingskontoret på telefon 57 72 20 00 mellom kl. 09:00–15:00
     
Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 17.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Harald Bjarte  Reite
Leiar, Bu- og avlastingstenesta
Fagleiar Tildelingskontoret

Snarvegar

 
 
Login for redigering