Avfallshandtering

Er du eigar av privat bustad i Førde kommune er du automatisk med i renovasjonsordninga til kommunen.  Avfallet frå hushaldninga vert henta ein gong per veke for restavfall og kvar fjerde veke for papiravfall.

 

I renovasjonskalendaren finn du ut kor tid avfallet vert henta på di adresse. 

 

Last ned renovasjonskalendaren > (PDF, 264 kB)

Bruk boss-app for å hugse hentedag

Sunnfjord Miljøverk har utvikla ein app til iOS, Android og Windows phone. Søk opp "SUM Renovasjon" og last ned appen gratis. Appen hjelper deg til å hugse din hentedag. Du kan legge inn varsling kvelden før, same morgon – alt ettersom det passar deg. 
 

Utlevering av bossdunkar

Skal du flytte inn i ny bustad og treng bossdunkar, kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00. Du må ha fått ferdigattest på bustaden din før du bestiller bossdunkar. Sjå prisar for ulike bossdunkar. 
 

Bytte bossdunkar

Har du for liten bossdunk og ønskjer å bytte til ein større, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller via chat/nettprat. 


Nye bossdunkar blir køyrt ut kvar måndag, og det einaste du treng å gjere er å reingjere bossdunken din og sette den synleg ved huset ditt.
 

Heimekompostering

Opptil 30 % av hushaldningsavfallet (i vekt) er organisk avfall frå kjøkken og hage. Ved kompostering vert matrestar og grønt frå hagen brote ned og omdanna til god kompostjord. Med heimekompostering kan du redusere avfallsmengda med 50–100 kg per person per år. 

Komposteringsbingen skal godkjennast av kommunen. Bingen bør være prefabrikert, men du kan òg få godkjent ein plassbygd binge. Send søknad, og få reduksjon i renovasjonsavgifta. Her finn du skjema for avtale om heimekompostering.  (PDF, 71 kB)

 

Returpunkt

Har du glas og hermetikkboksar til gjennvinning finn du igloar på Festplassen, Rørvikfloten handel og ved Bunnpris Bruland. 
 

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyr Gebyr 2018 (mva kjem i tillegg)
Type bossdunk 140 liter 240 liter 660 liter
Restavfall kr 1951 kr 3337 kr 9191
Papiravfall kr 232 kr 397 kr 1093
Samla kr 2183 kr 3734 kr 10284

 

Levering av større mengder avfall

Om du har større mengder avfall som til dømes hageavfall, møblar, interiør, bygge- og riveavfall kan du levere dette til Sunnfjord Miljøverk sin gjenvinningsstasjon - Einestølen/Hesjedalen. Levering på gjenvinningsstasjonen er gratis for abonnentar. 

Opningstider Einestølen/Hesjedalen
Vekedag Opent
Måndag 09:30 til 17:00
Tysdag 10:00 til 18:00
Onsdag 08:30 til 16:00
Torsdag 08:00 til 15:00
Fredag 07:30 til 15:00
Onsdag før skjærtorsdag: 08:30 til 12:00
Julafta og nyttårsafta stengt

> Sjå eigen informasjon om farleg avfall

Sist endra 02.10.2017
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar