Adressetildeling

Adresser og skilt skal sørge for at alle på ein lett og forståeleg måte skal finne fram til rett stad. 

Om adressering

Ei offisiell adresse består av eit vegnamn, eit husnummer og eventuelt ein bokstav. Dersom det er fleire bueiningar som har same inngangsdør har kvar bueining i tillegg eit eige bustadnummer. Kartverket har ei god forklaring på kva eit bustadnummer er

 

Saksgang ved tildeling eller endring av adresse

Det er kommunen si oppgåve å tildele eller endre offisielle adresser. Tildeling av adresse skjer etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter. 

 

 

Dersom det er snakk om ein ny veg, eller ein eksisterande veg som skal få nytt namn, må vegen først få tildelt eit nytt namn. Sjølve vegnamnet blir vedteke av Førde bystyre etter ein prosess med høyring til aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersonar. Vi har eigne retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn

 

Når vegen har fått eit namn startar sjølve adresseringa. Prinsippa for adressering er i korte trekk:

  • Alle godkjende bueiningar som har eigen inngang skal ha eiga adresse.
  • Inngangen skal ha adresse til den vegen den har tilkomst frå.
  • Husnummer skal tildelast i stigande rekkefølge. Dersom det er behov for å bruke bokstavar, skal dei vere i alfabetisk rekkefølge. 
  • Det skal vere partal på høgre side og oddetal på venstre side av vegen. 


Kommunen vil sende ut eit forslag om adressering til dei det gjeld. Dei får ein frist på seg til å gi tilbakemeldingar/forslag til betre løysingar. Eventuelle tilbakemeldingar blir så vurdert av kommunen før det blir gjort endeleg vedtak om adressering. 

 

Når adresseringa er vedteken av kommunen vert adressa registrert i det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen). Folkeregisteret blir automatisk oppdatert med dei nye adressene. Offentlege institusjonar, bankar, forsikringsselskap, kraftselskap med fleire brukar adressene som ligg i folkeregisteret. 

 

Kan du klage på adressa du er tildelt?

Du kan klage på vedtaket om adressetildeling. Du må sende klagen skriftleg innan tre veker etter at du har motteke brevet. Klageinstans er Fylkesmannen. 

 

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare. 

 

Vegnamnskilt

Det er kommunen sitt ansvar å sette opp vegnamnskilt og tilvisingsskilt. Tilvisingsskilt skal gjere det enklare å få oversikt over kva adresser som ligg i stikkvegar eller for å vise til ei adresse som ligg eit stykke unna den namngitte vegen.

 

Dersom du meiner det er nødvendig med eit vegnamnskilt eller eit tilvisingsskilt kan du ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00. 
 

Husnummerskilt

Husnummer er viktig for at det skal bli enkelt å finne fram til ei konkret adresse. Det er eigar sitt ansvar at husnummerskilt blir sett opp på bygning/inngang. Vi tilrår at husnummerskilt vert utforma slik at det er stort nok til å bli lest frå vegen, og at det har god kontrast mot bygningsfargen.

 

Kontaktperson

Du kan ta kontakt med Knut Ove Indrebø på 57 61 27 25 om du har spørsmål. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Knut Ove Indrebø

Oppmålingsingeniør
Telefon : 57 61 27 25

Snarvegar