Val 2017

Valurne 2017 - Klikk for stort bilete

Det er stortingsval og sametingsval måndag 11. september 2017. For å røyste i Førde på valdagen, må du ha stemmerett og vere innført i manntalet i Førde kommune. Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på Servicetorget i Førde rådhus, Hafstadvegen 42, fram til valdagen. 

Førehandsrøysting

Frå 10. august til  8. september kan du røyste på førehand på Servicetorget i Førde rådhus, Hafstadvegen 42. 

  • Opningstider 08:00–15:00, kvardagar

Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare om du tek det med. Gyldig legitimasjon må du ha med for å røyste. 
 

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar, men på valdagen kan du kun avgi stemme i den kommunen du er manntallsført i.
 

I tillegg til førehandsrøysting på Servicetorget kan du du røyste her:

  • Førde Helsetun, Langebruvegen 32, oppslag på institusjon
  • Helse Førde, Førde Sentralsjukehus, oppslag på institusjon

 

Dersom førehandsrøysta di skal sendast til ein annan kommune, ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til det andre valstyret innan valdagen, 11. september kl. 21:00. Ver difor tidleg ute. 

 

Ambulerande røystemottaking

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp på valdagen eller røyste på førehand på anna vis, kan du be om å få røyste heime eller der du har tilhald. 

 

Send søknad om å få røyste til ambulerande røystemottakar til:
Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde

innan 5. september 2017. Eller du kan ringe Servicetorget, tlf. 57 72 20 00 for å gjere avtale. 

 

Kven kan du røyste på?

Fylkesvalstyret i Sogn og Fjordane godkjende 3. mai 2017 alle dei 14 innkomne listeframlegga til stortingsvalet.

 

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten. Valkort gir informasjon om opningstid, og kva vallokale du skal bruke valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare om du tek det med. 

 

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadsadresse til veljarane 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva kommune du har stemmerett i.

 

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon, så hugs å ta med gyldig legitimasjon. 

 

>> Du kan lese meir om valet på valportalen til regjeringa

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 09.08.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering