Transportsykkelen Babboe City Mountain til Kastanjetunet sameige

Klikk for stort bilete

Sykkelbyen Førde har no levert den nye transportsykkelen Babboe City Mountain med el-motor til  Kastanjetunet. Det vert i tillegg montert ein sykkelservicestasjon, Bikefix med verktøy, pumpe og trykkmåler.

El-sykkel til Kastanjetunet 

Kai Ytterhaug frå Sport1 leverte den flotte sykkelen denne veke til bebuarane i Kastanjetunet. Sykkelen er utstyrt med barnesete med selar og plass til to born. Kallesja kan opnast opp eller monterast heilt av etter vær og behov.

Kastanjetunet sameige og Førde sykkelby har inngått avtale om sykkelen som eit ledd i å prøve ut om ein slik sykkel kan få ned bilbruken i Førde Sentrum. Sykkelen eignar seg godt til innkjøp og varetransport,

transport av små barn til og frå aktivitetar og forhåpentlegvis – koselege søndagsturar med matpakka.

Avtalen går i tillegg ut på at Førde Sykkelby kan låne/vise fram transportsykkelen når det er aktuelt. Sameiget vil syte for oppdatering over bruken og nytta av sykkelen i løpet av året.

Førde Sykkelby vil med dette gratulere alle bebuarar i Kastanjetunet 

Parken Førde med den nye transportsykkelen. Lukke til.

 

Doris Rutledal, folkehelsekoordinator og prosjektleiar Sykkelbyen Førde

Snarvegar