Sykle til jobben 2019

Klikk for stort bilete

Bli med på årets sykkelaksjon! Aksjonen startar onsdag 24. april. Vi står klar ved Førde rådhus med kaffi og ein matbit frå klokka 07.45 for å markere aksjonsstart. Har du tid kan du prøve deg på ein quiz, og vere med på trekning av fine premiar.

Gratis for dei som bur eller jobbar i Førde

Sykkelbyen Førde samarbeider med Sykle til jobben og det er difor gratis å delta for alle som bur eller jobbar i ei bedrift som har adresse i Førde. 
 

Her melder du deg på Sykle til jobben 2019


Last ned appen "Sykle til jobben" for å registrere aktiviteten din. 


Aksjonstart 24. april

Onsdag 24. april markerer vi aksjonsstart både ved Førde rådhus og ved inngangspartiet til sjukehuset.


Vi står utanfor Førde rådhus frå klokka 07.45. Her vil Scandic Sunnfjord Hotel servere kaffi og croissantar. Førde ressurssenter stiller opp med saft og muffins. Du kan delta i ein quiz om trafikkspørsmål og vinne gåvekort til sportsbutikkar i Førde. Vi har 6 gåvekort til utdeling på 500 kroner kvar. I tillegg har vi drikkeflasker og termokoppar som premiar.  
 

Dei lokale sykkelbutikkane vil vere til stades utanfor Førde rådhus. Treng du ein rask liten service på sykkelen vil dei hjelpe med det denne dagen. 

Ved inngangspartiet til sjukehuset vil du òg kunne fylle ut quizen og bli med i trekninga av premiane. 


 

All aktivitet gir poeng

Du treng ikkje å sykle for å vere med på aksjonen – går du, brukar du kajakk eller rullebrett til/frå jobb kan du òg registrere aktiviteten.
 

Aksjonsperioden er frå 24. april og varer til og med 21. juni i 2019. I heile perioden over 60 dagar blir det trekt ut premiar fortløpande i den landsomfattande aksjonen. 


Det er ikkje berre til og frå jobb du kan registrere aktivitet. Går du på fjelltur, kveldstur med hunden eller trenar på treningsstudio gir det også poeng. 
 

Kontakt

Doris Rutledal

Folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde
Telefon : 57 61 26 61
Mobil: 960 13 776

Snarvegar