Sykkelutlån i Førde

Klikk for stort bilete

Sykkelbyen Førde har gratis utlån av syklar. Både vanlege trøsyklar og el-syklar. 

Lån ein sykkel

Kom innom Servicetorget mellom klokka 08.00 og 15.15 og du får låne ein sykkel. Vi held til i første etasje i Førde rådhus, Hafstadvegen 42, telefon 57 72 20 00.

  • Vi har 20 vanlege syklar i tre storleiker. Syklane er solide tursyklar med 7 gir og har skjermar, lys og bagasjebrett. 
  • Tre av syklane har piggdekk. 
  • Om du vil reservere ein sykkel eller fleire til ein spesiell dag eller tidsrom, kan du reservere på førehand. Ring Servicetorget på 57 72 20 00 eller send e-post til servicetorget@forde.kommune.no
  • Du kan låne sykkelen inntil ei veke. Du må ha med deg gyldig ID og skrive under på eit låneskjema.

 

Prøv ein el-sykkel

NB! Frå 24. april 2019 er alle el-syklane lånt ut. Det vil ikkje bli nye utlån før i starten av august 2019

Sykkelbyen Førde har kjøpt inn seks transportsyklar som kan lånast av personar eller firma som ønskjer å prøve el-sykkel for å løyse sitt transportbehov. Desse syklane vert lånt ut for inntil ein månad om gongen. 

  • Transportsyklane er utstyrt med bagasjebrett og barnesete, tre av dei har lastekasse for transport av barn eller bagasje. 
  • Syklane har ein toppfart på 25 kilometer i timen, men ved toppfart vil motoren stoppe. 
  • Alle syklane har piggdekk.  


Her finn du meir informasjon om dei seks syklane vi har kjøpt inn:

Spørsmål om syklane eller utlånsreglar?

Ring gjerne Doris Rutledal på telefon 57 61 26 61/960 13 776 eller send e-post til  doris.rutledal@forde.kommune.no om du vil vite meir om sykkelutlån. 

Kontakt

Doris Rutledal

Folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde
Telefon : 57 61 26 61
Mobil: 960 13 776

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar