Meld inn sykkeltiltak til Sykkelbyen Førde!

Klikk for stort bilete

Førde kommune kan søke Statens vegvesen om midlar til enkle sykkeltiltak for 2019. Har du gode forslag, send dei inn til oss før 28. november 2018. 

Sykkelbyen Førde vil ha dine forslag til sykkeltiltak

Det er fleire tiltak som kan betre tilhøva for å velje sykkel eller å gå i kvardagen, fram for å bruke bil. Døme kan vere attraktiv sykkelparkering under tak, tilrettelegging i bygg for å tørke klede, garderobe og dusj. Det kan også vere forbetringar av dagens sykkel- og gåruter, der uheldige punkt vert utbetra/fjerna. 


Barnehagar, skular, store arbeidsplassar og sentrumsområde vil bli prioritert. Konkrete tiltak i denne kategorien har vi ikkje oversikt over. Det er difor viktig at vi får inn melding om område der det kan vere potensiale for utbetringar og nye tiltak. 

 

Innmeldingsfrist

Frist for innspel er 28. november 2018. Innspel bør vere så detaljert som mogleg, med overslag over kostnad der det er mogleg. 

 

Innspel sender du til postmottak@forde.kommune.no, merka med Sykkelbyen Førde. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Doris Rutledal

Folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde
Telefon : 57 61 26 61
Mobil: 960 13 776

Snarvegar