Nyhende sykkelbyen Førde

Takk til alle som deltok på Sykle til jobben 2019

Klikk for stort bilete

No er Sykle til jobben-aksjonen over for i år. Aksjonen varte frå 24. april og til og med 21. juni 2019. Tusen takk til alle som deltok, og velkommen igjen til neste år.  

Oppsummering av Sykle til jobben 2019

Det er tredje gong Førde kommune er ein gratiskommune, det vil seie at alle som bur eller jobbar i Førde kommune kunne melde seg på den landsomfattande aksjonen Sykle til jobben utan å betale deltakaravgift. 

I år var det rekorddeltaking! Heile 382 melde seg på aksjonen, til samanlikning var det 103 som deltok i 2018. 

Deltaking i Førde 2019

  • 382 påmelde deltakarar
  • 50 765 kilometer registrert
  • 618 001 minuttar registrert

Bedrifter som deltok på Sykle til jobben 2019 i Førde

Du kunne melde deg på som individuell deltakar eller som bedriftslag. 
Bedrift Tal tilsette som deltok
Helse Førde 183
Førde kommune 61
Lotteri- og stiftelsestilsynet 20
Mattilsynet Avdeling Sunnfjord og Sogn 13
Naustdal Dampbakeri AS 12
SYS IKL (interkommunal legevakt) 10
Serit Fjordane IT 4
Norsk gjenvinning as 3
Solvang barnehage 3
Firda Billag AS 3
Halbrend barnehage 2
Fjordane tingrett 1
Mediebruket  1
Bruland Pallefabrikk 1
SYS IKT (interkommunal IKT) 1

 

Deltaking i Sogn og Fjordane

Kommune Påmelde deltakarar
Førde 382
Flora 210
Gloppen 170
Fjaler 84
Leikanger 14
Sogndal 11
Naustdal  10
Gaular 9
Eid 8
Luster 7
Askvoll 6
Jølster  4
Høyanger 3
Stryn 3
Balestrand 2
Hyllestad 2
Lærdal 2
Aurland 1
Årdal 1
Bremanger 0
Gulen 0
Hornindal 0
Selje 0
Solund 0
Vik  0
Vågsøy 0

 

Og igjen - tusen takk for fantastisk innsats av dei som deltok i år! Hald fram med dei gode rutinane med å gå eller sykle til jobben. 

Publisert 25.04.2019

Onsdag 24. april starta aksjonen Sykle til jobben i flott sykle- og gåvêr. Sykkelbyen Førde markerte dagen ved Førde rådhus og ønskte god morgon med kaffi og ein matbit til alle syklande og gåande på veg til jobb. 

Publisert 24.04.2019

Sykkelbyen Førde har gratis utlån av syklar. Både vanlege trøsyklar og el-syklar. 

Publisert 08.04.2019

Bli med på årets sykkelaksjon! Aksjonen startar onsdag 24. april. Vi står klar ved Førde rådhus med kaffi og ein matbit frå klokka 07.45 for å markere aksjonsstart. Har du tid kan du prøve deg på ein quiz, og vere med på trekning av fine premiar.

Publisert 14.11.2018

Førde kommune kan søke Statens vegvesen om midlar til enkle sykkeltiltak for 2019. Har du gode forslag, send dei inn til oss før 28. november 2018. 

Publisert 05.10.2018

Førdepakken har no gjort ferdig gang- og sykkelvegen frå Førdehuset til Naustdalsvegen. Vi inviterer til ei uformell opning av det nye sambandet. 

Publisert 23.08.2018

Treng du tips til sykkelturar i Førde? Her har vi teikna opp nokre forslag med utgangspunkt frå Førde rådhus, Hafstadvegen 42.

Publisert 23.08.2018

Sykkelbyen Førde har no levert den nye transportsykkelen Babboe City Mountain med el-motor til  Kastanjetunet. Det vert i tillegg montert ein sykkelservicestasjon, Bikefix med verktøy, pumpe og trykkmåler.

Publisert 20.04.2018

Torsdag 19. april går startskotet for Sykle til jobben 2018. 

Publisert 13.07.2017

No kan du låne syklar gratis på Servicetorget. Opningstid frå kl.08.00 til kl.15.15 

Publisert 22.06.2017

Då er Sykle til jobben-aksjonen over for i år. Aksjonen varte i tida 19. april til 17. juni. Tusen takk til alle som deltok, og velkomen igjen til neste år. 

Snarvegar