Om sykkelbyen Førde

Førde kommune vart sykkelby i 2012 som ein del av Førdepakken. Målet med Førdepakken er å sikre ein miljøvennleg og stabil trafikksituasjon i Førde. Sykkelbyen er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune.    

Mål med sykkelbyen Førde

For å bli ein sykkelby må kommunen ha ein godkjent plan for det overordna sykkelvegnettet. Over ein periode på åtte år frå 2016 vil Førdepakken investere ca 1,6 milliard i Førde sentrum. Omlag 1 milliard av dette vil vere hovudsakleg tiltak for gang- og sykkelvegar. 


Her ser du dei planlagde tiltaka i Førdepakken, der også gang- og sykkelvegar er med. 

Førdepakken revidert 13.06.2017 - Klikk for stort bilete

 

Prosjektet skal òg gi synlege effektar på kort sikt. Det skal gjennomførast tiltak som:

  • få fleire til å sykle
  • auke framkomelegheiten for syklistane
  • betre trafikktryggleiken

 

Førde er som sykkelby medlem av sykkelbynettverket. Det er eit fagleg nettverk for byar og tettstadar som ønsker å gjere det tryggare og meir attraktivt å sykle. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Doris Rutledal

Folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde
Telefon : 57 61 26 61
Mobil: 960 13 776

Snarvegar