Samarbeidsforum i Sunnfjord

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) er eit politisk samarbeidsråd mellom kommunane Flora, Førde, Naustdal, Jølster og Gaular. Formålet i SiS er å løyse og stå samla om viktige og strategiske saker i regionen.

Satsingsområde i regionen

Saker som SiS ser på som viktige i vår region er mellom anna skuleutvikling, næringsutvikling, reiseliv, kommunikasjon, utvikle gode bu- og arbeidsområde, arrangere felles rekrutteringsmesser, styrke Høgskule- og kompetansemiljø samt Helse Førde, og regionale utviklingssaker generelt.

 

Deltakarane i SiS

Deltakarane i SiS er ordførarane og rådmenn i medlemskommunane. Leiarververvet går på omgang, og for tida er ordførar i Flora kommune, Ola Teigen leiar, medan ordførar Olve Grotle i Førde kommune er nestleiar. Førde kommune har sekretæransvar v/Trond Ueland.  

 

Kontaktinformasjon

 

>> Sjå møteprokollar, årsrapportar og andre dokument frå Samarbeidsforum i Sunnfjord

Sist endra 12.12.2017 av Kleiven, Marit
Samarbeidsforum i Sunnfjord
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Kommunalsjef
bilde av personen: Olve  Grotle
Ordførar

Snarvegar

 
 
Login for redigering