Førdepakken - sentrumsutvikling i Førde

Nye Langebruvegen. Illustrasjon: Statens vegvesen - Klikk for stort bileteNye Langebruvegen. Illustrasjon: Statens vegvesen

Føremålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Følg Førdepakken på Facebook for nyttig informasjon undervegs. 

Kva er måla med Førdepakken?

Førdepakken inneheld 20 små og større tiltak i Førde sentrum som skal betre tilhøva både for bilistar, gåande og syklande. Omlegging av E39 forbi Førde er ikkje ein del av Førdepakken. 
 

Tidleg i prosessen vart desse måla sett opp:

  • Vidareutvikle Førde som regionsenter
  • Sentrumsutvikling og utbygging i Førde sentrum
  • Betre vilkåra for gjennomgangs- og lokaltrafikken
  • Unngå framtidige trafikkproblem, og gi betre trafikktilhøve for alle trafikantgrupper
  • Samanhengande sykkelvegnett og at del av trafikken som er gåande og syklande må aukast
  • Skilje av trafikantgrupper skulle gje betre framkome og trafikktryggleik
  • Eit samla vegsystem som skulle løyse utfordringane både for biltrafikken og dei mjuke trafikantane


Bakgrunnen for Førdepakken er Kommunedelplan trafikk Førde sentrum frå juni 2013.
 

Statens vegvesen er byggherre

Det er Statens vegvesen som styrer prosjekta i Førdepakken. Oppdatert informasjon om delprosjekta finn du på Statens vegvesen sine nettsider vegprosjektet Førdepakken.

 

Du kan òg følgje Førdepakken på Facebook for å få informasjon om vegstengingar, omkøyringar og anna. 
 

Reguleringsplanane må godkjennast i Førde kommune

Alle reguleringsplanar i Førdepakken må godkjennast av Førde bystyre. Her finn du vedtekne planar og planar som er ute til offentleg ettersyn.

 

I tillegg til at planane vert lagt ut til offentleg ettersyn vil vi arrangere opne informasjonmøte. Møta vil bli  annonsert på førehand. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Odd Harry Strømsli

Odd Harry Strømsli

Leiar byggesak og arealforvaltning
Telefon : 57 61 27 15

Snarvegar