Fylkestinget slutta seg til Førdepakken

Førde frå Viefjellet - Klikk for stort bileteFørde frå Viefjellet Reiakvam Foto AS Fylkestinget slutta seg til bompengesøknaden frå Førde kommune 10. desember 2013.

Søknaden vert no sendt til Vegdirektoratet for vidare handsaming mot eit stortingsvedtak i 2014.

Førdepakken

Førdepakken har ei ramme på 1,5 mrd kroner, og av desse vil no Førde kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen bidra med 150 millionar kvar.

I vedtaket frå fylkestinget går det også fram at dei vil garantere for eit lån på 600 millionar kroner til delfinansiering av Førdepakken.


Førdepakken - vidare framdrift

Vegdirektoratet føreset at det vil bli oppretta eit bomselskap før søknaden går vidare til Samferdselsdepartementet. Fylkeskommunen krev to representantar i styret for dette selskapet. Arbeidet med å etablere eit slikt selskap har starta opp og vil bli lagt fram for bystyret for avgjerd.

Det vil på nyåret bli oppretta ei administrativ styringsgruppe for gjennomføring av Førdepakken med deltaking frå fylkeskommunen, Førde kommune, Førdepakken og Statens vegvesen.

Sjå den endelege bompengesøknaden for Førdepakken (PDF, 3 MB). (pdf)
 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar