Samfunnsutvikling

"Førde kommune skal vere ein god stad å bu og vekse opp i, og vi skal alltid ha innbyggjarane sitt beste som siktemål"


Frå etikkreglementet til Førde kommune

 

Sentralt i fylket

I Førde har vi nådd eit folketal på 13 000 (juli 2016). Dette gjer oss til den mest folkerike kommunen i fylket.
 

Førde ligg sentralt plassert i Sogn og Fjordane, og er ein naturleg møtestad for 45 000 personar som bur innanfor ein radius av ein times reise. 
 

Vi jobbar tett saman med alle våre nabokommunar for å styrke regionen og stå sterkare ovanfor nye utfordringar og endra rammevilkår. 
 

Dei 4 kommunane Naustdal, Gaular, Jølster og Førde har gjort vedtak om samanslåing til ein ny kommune i Indre Sunnfjord. 1. januar 2020 skal den nye kommunen vere på plass. Les meir om kommunereformprosessen i Sunnfjord. 

 

Ny kommuneplan i 2015

Med utgangspunkt i visjonen vår: "Førde - ei drivkraft med menneska i sentrum"  har vi utarbeidd den nye kommuneplanen fram mot 2027.

 

Planen seier noko om korleis vi ønskjer å ha det på fleire viktige område, og noko av det som må gjerast for å kome dit.

 

Det er godt å bu og arbeide i Førde - men vi vil at det skal bli endå betre og at endå fleire ønskjer å flytte hit. For å få dette til må vi skaffe fleire og meir varierte arbeidsplassar, fleire og gjerne rimelegare butilbod, samt skape eit bysentrum med urbant preg og eit godt omdømme. Vi ønskjer å vere ein  attraktiv kommune.

 

Bystyret i Førde vedtok ny kommuneplan for perioden 2015–2027 i bystyremøte 28. mai 2015.

 

>Les meir om kommuneplanen 2015–2027

 

Førdepakken og Sykkelbyen Førde

Førdepakken og Sykkelbyen Førde er store prosjekt med mål om å sikre ein miljøvennleg og stabil trafikksituasjon i Førde. Her vil det bli nye køyrevegar, nye gang-/og sykkeltiltak og opprusting av eksisterande vegnett med tilrettelegging for gåande og syklande. Det skal samla investerast for 1,65 mrd. kroner (2015-kroner). 

 
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 21.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Olve  Grotle
Ordførar
bilde av personen: Ole John Østenstad
Rådmann

Snarvegar

 
 
Login for redigering