Internasjonalt samarbeid

Diplom internasjonal kommune - Klikk for stort bilete 24. januar 2008 vart Førde kommune utropt til Internasjonal Kommune av Fredskorpset og kommuneorganisasjonen KS.


Heidersnemninga vert tildelt kommunar som har eit stort engasjement for internasjonale spørsmål og som aktivt inkluderer flyktningar og asylsøkjarar.

  • Førdefestivalen Førde har sidan 1990 arrangert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. 

    Førdefestivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane. 
  • Førde norsksenter
    Førde norsksenter er kommunen sitt tilbud til framandspråkelege i Sunnfjord.
  • Vennskapskommunar
    Førde har vennskapsavtale med La Crosse i Wisconsin, USA. La Crosse har ca 50.000 innbyggjarar. Dei er svært aktive i internasjonalt arbeid, og har i tillegg til Førde vennskapsbyar i Kina, Russland, Frankrike, Tyskland og Irland.

    Mottoet for vennskapsarbeidet er vennskap og læring. Innafor dette mottoet vert det arbeidd med besøk mellom dei to byane, enten i form av grupper og delegasjonar, eller einskildpersonar som besøkjer den andre byen. Eit anna tiltak er yrkesutveksling. Dette skjer kvart år, begge vegar. 4 til 7 personar reiser til vennskapsbyane kvart år på yrkesutveksling.

    I begge byane forsøkjer ein også å markere vennskapen på andre måtar: Som tema i skulen, temautstilling på bibliotek, og ikkje minst vert det spanande å sjå resultatet av den norske, Førdeavdelinga i La Crosse sin internasjonale hage. Dette er eit stort parkområde ved Missisippi, der fleire av dei andre vennskapsbyane har fått sine avdelingar.

    Samarbeidet vert organisert av ein samarbeidskomite der Rolf Thingvold for tida er leiar.

    Førde har også eit vennskapssamarbeid med Kent i Washington, USA. Dette samarbeidet er organisert saman med kommunane Naustdal, Jølster og Gaular. Også her er ulike former for utveksling viktige. Sidan sommaren 2007 har Kent og Indre Sunnfjord utveksla såkalt ungdomsambassadørar. Det vert også gjennomført gjensidige delegasjonsbesøk ein gang i kvar valperiode. Leiar av komiteen er for tida Erik Torp Nilssen.
  • Førde mottakssenter
    Førde mottakssenter for flyktningar og asylsøkjarar ligg på Bergum, ca ein kilometer frå Førde sentrum. Mottaket er delvis desentralisert og har totalt plass til 210 bebuarar. Førde mottakssenter har òg ei avdeling for einslege mindreårige asylsøkjarar med plass til 30 bebuarar.  
Publisert av Ole John Østenstad. Sist endra 04.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering